JAvel, folkens, afrikanaren er attende:) Ein månad har jammen gått og her sitt eg, i Bergen-solskinn, og ikkje Addis-solskinn, glad som ei lerke!Glad for alt eg har fått opplevd,
for alle menneska eg har møtt,
for at alt har gått så bra,
for alt eg har fått lært,
for at dr. Einar har hjelpt oss slik at me kunne få ha denne praksisen, og for at han gjer den fantastiske jobben han gjer,
for at eg bur i Bergen,
for at eg er heime hjå mannen min!!
Her serverer eg nåken blinkskudd frå vår heilt fantastiske Etiopia-tur!!(i heilt tilfeldig rekkefølge):

Sjukepleiarstudentar og medisinstudentar på Sukkertoppen! Folk skal ha det til at det er 3400 m.oh. Ingen sikre kilder. Takk, Anders, Olav, Arvid, Aleksander, Joakim, Torfinn og Per, for at de var med å gjorde heile praksisen vår så bra! Nyt Zanzibar så lenge:)

å.. han her blei eg glad i.. ein av dei mange gategutane.


Det blei ein del ute-eting! Her med Kristine, vår nye venn!:)

Heia Etiopia!!

t...b...no, T.. a? no, B, yes, B!! stave engelsk er faktisk vanskelig!

Dans og musikk på Crown Hotel! Eg blei tatt opp med dei.Flaut? Ja! men veldig gøy! Dette var ein opplevelse av ein kveld!

Dette er gjengen! Oss tre med nurses in charge!

Hehe.. dette var heilt utrulig! Me var ute på et helsesenter. Dei hadde ikkje vatn for tida, og kunne ikkje ta imot fødslar. Så då blei det graut! Dama kom inn med denne stokken(!!) og begynte å spikka på den! Den skulle ho bruke til å røre i grauten(gomfu) med, sjølvsagt! Eg tenkte..."vææær så snill.....ikkje spør om eg vil ha...ikkje spør..." Det blei aldri eit spørsmål, men like etterpå satt eg i ein ring med jordmødre og åt graut med hendene! Ein opplevelse:)

The Ingrid, the Katrine and the Helga, saman med the BOSS, Mami, jordmora på MCM. Dette er ei dame som set seg i respekt. Say no more..

Ei VELDIG nyfødd jente.. tårene rann, for å sei det sånn! (Mine, altså...)

Her likte eg meg VELDIG godt! Ikkje i stolen, men på fødeavdelinga... fødslane var nok noko av det største eg har opplevd!

Sjekk flagga. Ser de det store?! Jada, det er det norske! Kjell Magne hadde fått beskjed om å ta med seg eit flagg! Ingen sa noko om størrelsen..:) Korea, USA og Etiopia kjem litt i bakgrunnen flaggmessig!

Katrine og Helga leikar seg på OR.(operation room)

Dr. Einar i aksjon! Skin graft.

på mobilklinikk! Dette gjorde noko med oss. Me var me utanfor Addis til ei gruppe menneske som ikkje hadde hatt lege ut til seg på eit år.. Det seier sitt. Folk kom i hundretal! 300 stk fekk behandling, og det var forferdelig med dei me ikkje fekk tid til.. "Madame, please..." Over ser du kva ein gjer når ein ikkje kan forklare muntlig at nokon må opne munnen for å få termometeret inn.


Dr. Daniel. Kanskje Etiopia sin beste barnelege?! Han lærte oss mykje!

Gjengen på veg til mobilklinikk!

Mafia har ALDRI vore så gøy!

Me kan kosa oss! Skillingsbollar, vaflar, TWIX, bading, kaffi, film, tur...:)

Kanskje ikkje så merkelig at fallulykker er SVÆRT vanlig..
Punktering! Lett for.. Og kva skjer? ALLE mannlege skal vise at dei kan skifte dekk!
hehe, GOD undeholdning for oss som såg på!

Eg lagar dabbo gollo med kjøkkendamene på NLM, gjestehuset der me budde. Av ein eller annan grunn, blei det "plutselig" ikkje plass til med lenger.. Trur dei syns det gjekk litt seint..
Ahhh, har vore ein fantastsik månad! Kom på besøk for meir detaljerte inntrykk!:)
Men jammen var det godt å komme heim til Sveinung og alle her heime! Eg har det så bra! Og i helga hadde me besøk av denne herlige jenta:

Du er så bra, Cathrine! Velkommen igjen!:)