torsdag 12. november 2009

Herlige novemberdagar..

November  er jammen herleg i slikt ver.. Kaldt, sol, blå himmel, frisk og god luft! Me kosar oss veldig om dagen:)

I Afrika ymta eg frampå til mamma om det kunne vera mulig å få rasper når eg kom heim:)  Det var det! I går hadde ho stått opp før vekkerklokka som ringer kl 06.00for å laga rasper til oss og Joar og Liv Elin! For ein armsving du har, mamma!! Så kom ho og pappen med gryter til by`n for  å eta middag med oss som er her! Å, kor godt og koselig!

Me måtte rett i sofakroken etter eit nydelig måltid!

Ragnhild kom ein tur til Bergen på tirsdag, og då vart det middag på Fløyen med ho og Håvard! At me ikkje gjer det oftare er berre heilt utrulig.. Det var ein nydelig ettermiddag! Kom dykk ut, folkens!!:)

Kaffi på bål etterpå sjølvsagt! Kvalitetstid!

Når Cathrine var på besøk, kom Olga opp etter at me hadde kost oss i by n alle tre. Då vart det Encheladas! Skal prøve å legge ut oppskrift på det snart! Ein veldig koselig kveld var det iallefall..

Og desse to er det alltid kjekt å vera med.. Takk for ein kjempefin kveld, fam Ørjasæter!
I dag skal eg til Osterøy! Først til Kristin, så til Dale til Audhild og dei, og heim til mamma og pappa og sy putetrekk til slutt!
Ha ein flott dag alle saman!!

0 kommentarer: